Bilde av Syngande Hjarte Av Irene R. Mjelde

Syngande Hjarte Av Irene R. Mjelde

I Syngande hjarte tar forfattar og fotograf Irene R. Mjelde lesaren med på ei forrykande reise - gjennom verkelegheita til sju vestlendingar med heilt ekstraordinære liv.
Undertittelen er Vestlendingar som vågar, og det desse modige sjelene vågar, er å vere seg sjølv - sitt rare, unike, suverene og inspirerande sjølv. Levande, ledige og stødige trør dei gjennom livet sitt, og gjer det til akkurat dét - livet sitt. Dei står ikkje på hoppkanten og ventar til unnarennet er forsvarleg måka, hoppar heller i det og tar alt som det kjem, anten stilen blir slalom eller utfor, eller luftige, lukkelege svev på strake vengjer.

I ord og i illustrerande, fargesprakande bilde får du følge:
Lill Olsen - ein vestlandsk nordlending og 2CV-entusiast med bein i nasa.
Oddvar Torsheim - poet og kunstnar som, ifølge han sjølv, er verdskjent i øvre Førde.
Aron Altinpinar - dragstjerne og forbilde for alle som kjempar for å finne sin rettmessige plass i verda.
Cily Shakti - båtbuar og råsprek yogaguru, som lar sykkelturar vare i fem år.
Elisabeth Gallefoss - profesjonell healar som har gjennomlevd store slag, men likevel fyller dagane med fargar, både for seg sjølv og andre.
Benedicte Brun - skogshuldra som har busett seg i ein tipi.
Georg Olafr Reydarsson Hansen - forkjempar for, og vikinghøvding i, sin eigen vikingby.

Desse vestlendingane tilfører mangfald og gjer «særeigen og spesiell» til eit kvalitetsstempel. I full tillit har dei i denne boka delt frå liva sine, frå barndom til notid - tankar og opplevingar, på godt, og på vondt. For klokskap og livsvisdom er ikkje alltid lettkjøpt.
I portrettboka har forfattaren forska på kva som gjer at akkurat desse menneska så naturleg vel å sprenge seg ut frå den sedvanlege ramma. Er det oppvekst, miljøa dei lever i, eller er det eit medfødd gen som gjev dei det ekstraordinære motet?

Pris: kr 399.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris
Syngande Hjarte Av Irene R. Mjelde Se butikk kr 399.00 Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON