Praktbok om dei mest berykta og berømte vegane i Noreg.

I 2021 gav NRK-journalist og «vestlandsekspert» Halvor Folgerø ut boka «Vestlandsvegar» om nokre av dei berykta og berømte vegane på Vestlandet. Boka blei ein stor suksess. Men Vestlandet er stort og historiene talrike og dramatiske. I «Fleire vestlandsvegar - Frå Trollstigen til Djevelens veranda» fortel Folgerø om fleire vegstrekk og tar oss med til kjende turistvegar som Sognefjellsvegen, Haukelifjell og vegknutepunktet Lærdal, men også meir ukjende som Austefjordvegen, Aursjøvegen og Dollarvegen. Vi møter nokre av dei som har brutale erfaringar frå livet på smale, svingete og farlege vegar. Frå den berykta rasstrekninga på gamle E69 ved Åndalsnes og sørover til den såkalla Djevelens veranda i Eigersund.

Boka er full av gode historier frå nær fortid då det var nødvendig å vera kreativ for å koma fram. Det handlar om bilmekanikaren som redda ferien då han fiksa ein sprokken bensintank med sterilansåpe, om trailersjåføren som blei ufrivillig jordfar på veg opp Hemsedalsfjellet, og om elefantane til Sirkus Arnardo som måtte leiast gjennom dei låge tunellane ved Saudafjorden. Sirkusarbeidarane måtte gå laus på tunelltaket med hakker og slegger for å få bilane gjennom.
Pris: kr 249.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

TILBUD! kr 249.00 |
Besøk butikk |
Om livet på farlege vegar.
Vestlandet er kjend for smale, svingete og farlege vegar gjennom tronge fjordar og over bratte fjell. I dag er mange av skrekk-vegane erstatta av tunnellar. I denne boka tek Halvor Folgerø oss med på ei reise tilbake...
kr 409.00
Mer informasjon
Ferjene er eit fast og nødvendig innslag i livet til vestlendingen. Journalisten Halvor Folgerø tek oss med på ferjeturar og fortel historier frå Smøla-ruta i nord til Kvitsøy-ferja i sør. Bli med til fjordar og havstrekk, møt glade billettørar,...
kr 449.00
Mer informasjon
Kvissboka for deg som kjem frå Vestlandet, bur på Vestlandet eller skulle ønskje du var ein vestlending.

Vestlandet er paradis på jord, med blå fjordar, høge fjell og grepa menneske. Men Vestlandet er òg ras, regn, nedlagde...
kr 181.00
Mer informasjon
Den folkekjære poeten Helge Torvund har igjen samlet det beste av kjærlighetsdikt fra hele verden. Her finner du klassiske kjærlighetsdikt på vers og korte snutter fra Instagram. Dikt til glede for alle som har tro på kjærligheten - og kjærlighet...
kr 227.00
Mer informasjon