Om livet på farlege vegar.
Vestlandet er kjend for smale, svingete og farlege vegar gjennom tronge fjordar og over bratte fjell. I dag er mange av skrekk-vegane erstatta av tunnellar. I denne boka tek Halvor Folgerø oss med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunnellane, til både berykta og berømte vegar. Nokre vegstrekk er kjende og ikoniske, som Måbødalen, Tokagjelet og Ørnevegen i Geiranger. Andre er meir bortgøymde, men alle ligg i dramatisk natur, og har vore krevjande å ferdast på.

Dette er historia om då vegane vart bygde, men minst like viktig er forteljinga om korleis det var å leve med slike vegar. Det kunne vere nervepirrande, særleg om vinteren. Posten skulle fram, varene skulle leverast og elevane skulle på skulen. Som regel gjekk det bra, men ikkje alltid. Det handlar om hårnålssvinger, rygging på stup, kork og kø, skrekkslagne turistar, fødsel i førarhus, dramatiske ras og utforkøyringar. Nokre historier er nesten ikkje til å tru, som forteljinga om dei tre unggutane som var på veg ned Tokagjelet i Hardanger vinteren 1975. Dei fekk sleng på bilen, fauk over støypekanten, svevde 50 meter i fritt fall, men landa i ei mjuk snøfonn. Alle tre kom frå det utan større fysiske skader.
Saman teiknar desse vegane eit bilete av kvardagslivet på Vestlandet i nær fortid, og dei fortel om ein ufatteleg vilje til å trosse den steile naturen. Boka er rikt illustrert med gamle og nye bilete frå eit utval av Noregs farlegaste og mest spektakulære vegstrekk.

Halvor Folgerø (f.1967) er journalist, musikar og forfattar frå Stord. Han har i ei årrekkje vore tilsett i NRK.
Pris: kr 409.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

TILBUD! kr 409.00 |
Besøk butikk |
Praktbok om dei mest berykta og berømte vegane i Noreg.

I 2021 gav NRK-journalist og «vestlandsekspert» Halvor Folgerø ut boka «Vestlandsvegar» om nokre av dei berykta og berømte vegane på Vestlandet. Boka blei ein stor...
kr 249.00
Mer informasjon
Ferjene er eit fast og nødvendig innslag i livet til vestlendingen. Journalisten Halvor Folgerø tek oss med på ferjeturar og fortel historier frå Smøla-ruta i nord til Kvitsøy-ferja i sør. Bli med til fjordar og havstrekk, møt glade billettørar,...
kr 449.00
Mer informasjon
Kvissboka for deg som kjem frå Vestlandet, bur på Vestlandet eller skulle ønskje du var ein vestlending.

Vestlandet er paradis på jord, med blå fjordar, høge fjell og grepa menneske. Men Vestlandet er òg ras, regn, nedlagde...
kr 181.00
Mer informasjon
Ei natt på slutten av 1970-tallet hopper sjømannen Ove Strømsnes i havet fra et skip utenfor Yucatan i Karibien
etter en krangel med vakthavende styrmann. Han nekter å la seg redde og svømmer i land. Han tar seg til USA
og videre...
kr 369.00
Mer informasjon