Bilde av Hildring Av Hulda Garborg
 

Hildring Av Hulda Garborg

Faren døyr og heile verda vert omkalfatra for den unge odels.jenta Berit på garden Buvin. Ettermælet åt faren tyngjer på skuld.rene; med ein gamal bestefar og ei sjukleg mor føler ho ansvaret for å tryggje garden. Mora ser seg nødt til å leige inn arbeidskraft og med det kjem den framfuse og nytenkjande Sevat til Buvin med alle slags påfunn og idear. Sevat har visjonar for gardsdrifta. Prisen på tømmer har skote i vêret og han augnar moglegheita for store rikdomar og moderniseringar om ein utnyttar potensialet i landeigedomen. Berit kjempar imot og held fast i lærdomen frå far sin om å ikkje tyne ressursane med for stor risiko. Men når mor hennar giftar seg med Sevat har ikkje Berit lenger noko å stå opp med og odelsjenta vert tilsidesett av den nye husbonden. <br/>Hildring er ein roman om fornuft og overmot, om modernisering og industrialisering, om tradisjon og opportunisme. Forteljinga skildrar viktige omleggjingar i det norske landbruket i mellomkrigstida, med dei utsiktene og sjansane moderniseringa innebar.

Pris: kr 272.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris  
Hildring Av Hulda Garborg Se butikk kr 299
TILBUD! kr 272.00
Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON