«Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren» er eit livsdrama og eit mektig kvinneportrett om husmannsdottera som nekta å bøye seg for bygdesnakket.

Edvard Hoems tippoldemor, Marta Kristine Nesje, gjekk i 1821 den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor, medan tre barn og mannen hennar, Hans Nesje, venta på henne heime. Etter ni månader på jordmorskule gjekk ho heim igjen, og ho var i livets teneste i meir enn femti år.

Marta Kristine visste kven ho var. Ho stod støtt både når mistrua mot henne som jordmor var sterk, og da mannen fekk utfordringar som var for store for han å bera.

Ut frå få historiske fakta skriv Edvard Hoem fram livet i bygdene ved Romsdalsfjorden med stor dikterisk kraft. Dette er ikkje berre ei forteljing om framveksten av det viktige jordmoryrket, men o.g ei påminning om at lykka og tragedien bur nær kvarandre, og at den store kjærleiken kan bli ei tyngande bør.

Med denne romanen har Edvard Hoems slektskrønike, som opnar med «Slåttekar i himmelen» (2014), fått eit dramatisk forspel. Marta Kristine og Hans Nesje er stammor og stamfar til den store etterslekta vi møter der.

Romanen bygger på «Jordmor på jorda» (2008), ein roman som blei skriven på oppdrag frå Den norske jordmorforening. Denne romanen, som har fått tittelen «Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren» (2018), er kraftig revidert og utvida.
Pris: kr 363.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

TILBUD! kr 363.00 |
Besøk butikk |
Edvard Hoems roman Ave Eva er ein moderne norsk klassikar. Med rik og målande penn teiknar Hoem her eit stykke samtidshistorie ? der han angrip det manglande økologiske medvitet som set natur og tradisjon på spel for oljens skyld. Miltons Paradise...
kr 199.00
Mer informasjon
I romanen Felemakaren tar Edvard Hoem utgangspunkt i eit dystert familieminne som også er omtalt i romanen Heimlandet barndom (1985): Ei ung tenestejente som skal ha barn med Pe, bror til Lars Olsen, som er hovudperson i romanen, blir borte ein kveld,...
kr 363.00
Mer informasjon
Året er 1911. Julie Elisabeth Hoem, felemakar Lars Olsen Hoems yngste dotter, døyr på gamleheimen på Nordnes, 75 år gammal. I dødsfallsprotokollen kan ein lese at ho hadde Ingen Slegtninger og Intet Efterlatt.

Husjomfru fortel...
kr 229.00
Mer informasjon
Johannes Bergmann er skodespelar i midten av 30-åra. Han har gjort rask karriere i den norske teaterverda og er vand med å få ros for spelet sitt. Under innstuderinga av rollen som Jean i ei oppsetjing av August Strindbergs Frøken Julie på Det Norske...
kr 199.00
Mer informasjon