Eilert Knudtson, som har farma på Alberta-prærien i meir enn tjue år, er komen til Norge for å treffe søskena sine igjen, og for å meistre sorga og saknet etter at kona Martha døde frå han, og dei åtte barna deira. Året er 1927, og det er trettifire år sidan han sist såg søskena sine.

Seksten år gamle Lars Hoem, son av Anton Edvard, vil bli med onkelen tilbake til Canada. Han seier han må vekk fordi det er ein stein som skygger for sola der han er no. Lars Hoems liv i Canada blir ein mørk tråd som fører fram mot dei harde trettiåra.

Eilert går inn i ein langvarig kamp for å overleva som farmar. Da han ikkje kan betale for tilleggsjord som han kjøpte tidleg på tjuetalet, tar styresmaktene jordseksjonane frå han og tvingar han til å bli leiglending.

I 1930 gifter Eilert seg med enka Kate Ness. Barna til Eilert blir vaksne og forsvinn frå heimen. Den aldrande mannen kjempar mot tørke, haglstormar, grashopper og fallande prisar - for å vinne tilbake det han har tapt.

«Liv andre har levd» er ein sanseleg familiekrønike med uforgløymelege hovudpersonar. Edvard Hoems nye roman stiller det fundamentale spørsmålet: Kor mykje bestemmer eit menneske si livsreise med eigen innsats, og kor mykje blir avgjort av krefter som vi ikkje kan gjera noko med?
Pris: kr 363.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

TILBUD! kr 363.00 |
Besøk butikk |
Edvard Hoems roman Ave Eva er ein moderne norsk klassikar. Med rik og målande penn teiknar Hoem her eit stykke samtidshistorie ? der han angrip det manglande økologiske medvitet som set natur og tradisjon på spel for oljens skyld. Miltons Paradise...
kr 199.00
Mer informasjon
I romanen Felemakaren tar Edvard Hoem utgangspunkt i eit dystert familieminne som også er omtalt i romanen Heimlandet barndom (1985): Ei ung tenestejente som skal ha barn med Pe, bror til Lars Olsen, som er hovudperson i romanen, blir borte ein kveld,...
kr 363.00
Mer informasjon
Året er 1911. Julie Elisabeth Hoem, felemakar Lars Olsen Hoems yngste dotter, døyr på gamleheimen på Nordnes, 75 år gammal. I dødsfallsprotokollen kan ein lese at ho hadde Ingen Slegtninger og Intet Efterlatt.

Husjomfru fortel...
kr 229.00
Mer informasjon
Johannes Bergmann er skodespelar i midten av 30-åra. Han har gjort rask karriere i den norske teaterverda og er vand med å få ros for spelet sitt. Under innstuderinga av rollen som Jean i ei oppsetjing av August Strindbergs Frøken Julie på Det Norske...
kr 199.00
Mer informasjon