Norske ordtak er fjerde utgåva av Norske Ordsprog, med om lag 5 000 ordtak, samla og valde av Ivar Aasen. Ved sida av Norsk Ordbog, Norsk Grammatikk og Prøver af Landsmaalet i Norge er denne boka eit av Ivar Aasens store vitskaplege verk. Dei er alle resultat av samlarferdene hans kringom i landet. Det særmerkte ved ordtak er at dei uttrykkjer aldrars livsrøynsle i ei konsentrert og utmeisla form som minnet held fast på. Det er heile folket som eig dei, for det er folket som har forma, arbeidt med og teke vare på dei. Knapt nokon har vore betre budd enn Ivar Aasen til å samla og ordna ordtaksrikdomen i eit språk. Norske Ordsprog har då òg vore ei visdomskjelde og ei kjelde til språkleg fornying som seint vert tømd. Ivar Aasen visste vel at ordtak vandrar frå språk til språk, og han tok med nokre parallellar frå framande mål. Fyrste utgåva av Norske Ordsprog kom ut i 1856. Andre utgåva, omarbeidd og utvida, kom i 1881. Den tredje utgåva kom fyrst i 1982 - i latinsk skrift, og ho fylgde andre utgåva, men aa var skift ut med å. Fjerde utgåva fylgjer i all hovudsak andre og tredje utgåva. Boka er eit vitskapleg verk, men er samstundes eit avslutta klassisk kunstverk som opnar for fleire rikdomar di betre ein vert kjend med det.
Pris: kr 537.00 fra Norli
Butikk | Pris | |
---|---|---|
TILBUD! kr 537.00 |
Besøk butikk |
Symra er vårblomen som varslar sommar. Diktsamlinga Symra, som Ivar Aasen gav ut anonymt i 1863, bar òg bod om ein nasjonal sommar i åndslivet og ein ny litteratur i den språkforma Aasen skapte, nynorsken. Symra er ei klassisk bok i norsk litteratur....
kr 509.00
Mer informasjon
Ordboka byggjer på Ordbog over det norske Folkesprog, som kom ut første gong i 1850, men tilfanget er auka frå 25.000 til 40.000 ord. Ordboka har oppslagsformer og bruksdøme i det nyreiste landsmålet ved sida av systematiske opplysningar om utbreiing...
kr 799.00
Mer informasjon
Dette er standardverket som fortel mykje nytt og uventa om det du trudde du visste om Ivar Aasen.<br/><br/>Ivar Aasen reiste lengre enn Marco Polo, hadde bøker på minst 20 språk og hugsa alt han hadde lese éin gong. Han var bonde.sonen...
kr 299.00
Mer informasjon