Bilde av Symra Av Ivar Aasen
 

Symra Av Ivar Aasen

Symra er vårblomen som varslar sommar. Diktsamlinga Symra, som Ivar Aasen gav ut anonymt i 1863, bar òg bod om ein nasjonal sommar i åndslivet og ein ny litteratur i den språkforma Aasen skapte, nynorsken. Symra er ei klassisk bok i norsk litteratur. Symra handlar om landet, historia, tradisjonen, årstidene og menneskelivet. Her er dikt om naturen, arbeid, kjærleik, klokskap, sanning, tilgjersle, tru og von. Dikta skulle syngjast, og mange var dikta til kjende tonar. Den mest kjende songen i Symra er Mellom bakkar og berg , ein av dei få songane nordmenn flest kan utanboks, og av mange rekna som vår andre nasjonalsong. I denne nye utgåva ved Terje Aarset er det i tillegg ei rekkje tekster som kastar lys over Symra som litteratur, om språket og musikken, om dei ulike utgåvene som er komne sidan 1863, om Aasen-dikt i omsetjing, om Jakob Kobberstad, som stod for notetillegget i 1875-utgåva, om Aasen i songbøkene og Aasen-dikting på plate. Boka er rikt illustrert og har ny notesats, for fyrste gong på over hundre år.

Pris: kr 509.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris  
Symra Av Ivar Aasen Se butikk kr 559
TILBUD! kr 509.00
Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON