Undertittelen på denne biografien er «Telemarksdiktaren John Lie». Dette bør ikkje forståast slik at John Lies forfattarverksemd berre knytte seg til heimfylket. Tvert imot tok han opp tema av allmenn interesse ikkje berre for norske lesarar, men også for lesarar i Amerika - norske og skandinaviske emigrantar i Midtvesten. Særleg i dei Bjørnson-inspirerte og spennande bondeforteljingane sine skreiv Lie om viktige emne som økonomi, religion og erotikk, på ein slik måte at lesarar utan litterær skolering hadde glede av bøkene. Bondeforteljingane skreiv han på dansk-norsk, og dei gjekk i store opplag i Noreg og i det norske Amerika. Men han debuterte som landsmålslyrikar (1874) og hausta lovord for dei to diktsamlingane han gav ut. Med bondeforteljingane på dansk-norsk erta han på seg landsmålsideologane med Garborg i spissen. På sine eldre dagar vende John Lie attende til landsmålet og skreiv dei to beste bøkene sine om det gamle bondesamfunnet i Telemark. Biografien om John Lie er skriven på bakgrunn av bøkene hans og alt han elles skreiv i lesebøker og aviser, og ikkje minst med utgangspunkt i eit eineståande brevmateriale, som kastar lys over han sjølv, den nærmaste familien og samtida.
Pris: kr 350.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

kr 350.00 | Besøk butikk |
Denne studia i dei norske skjemteballadane, er i hovudsak identisk med forfattaren si doktoravhandling, utgitt av Telemark distriktshøgskole 1991. Tekstmaterialet er imidlertid ikkje med her. Til gjengjeld finn du eit samandrag på engelsk bak i boka,...
kr 299.00
Mer informasjon
Denne boka er tilgjengelig i en gratis open access-utgave på noasp.no.
Denne boka er ei essaysamling om den norske balladen, men handlar også om balladar (folkeviser) frå andre nordiske land. Mange oppfattar den norske balladen som noko av...
kr 429.00
Mer informasjon
Denne boka handlar om ei fattig husmannsjente frå Lårdal i Øvre Telemark. Ho heitte Tone Marteinsdotter Høna (1805-1877) og er ein av dei fremste balladesongarane våre.

Til nå har vi ikkje visst mykje om Tone Høna....
kr 399.00
Mer informasjon
Olav H. Hauge (1908-1994) er etterkrigstidas fremste norske lyrikar.

Mange av dikta hans har blitt felleseige og har gått inn i norsk litteraturhistorie som klassikarar. No har Samlaget samla over 100 av dei vakraste dikta til...
kr 391.00
Mer informasjon