Bilde av Tones Tragedie Av Olav Solberg

Tones Tragedie Av Olav Solberg

Denne boka handlar om ei fattig husmannsjente frå Lårdal i Øvre Telemark. Ho heitte Tone Marteinsdotter Høna (1805-1877) og er ein av dei fremste balladesongarane våre.

Til nå har vi ikkje visst mykje om Tone Høna. Men i denne boka kjem vi henne på nært hald.
Som ung jente fødde ho eit barn i dølgsmål. Dette var svært alvorleg og førte til at ho vart dømd til straff på tukthuset i Kristiansand.

Ei lang rekke rettsdokument av ymse slag gjev oss eit eineståande nærbilete av Tone Høna. Saka hennar var jamvel oppe i Høgsterett. Og ikkje minst gjev soknepresten i Lårdal eit
nærbilete av henne. Han skildrar Tone Høna som ein person som skil seg ut frå dei fleste andre, men også som eit menneske med uvanleg gode teoretiske evner. Presten har aldri opplevd maken, fortel han.

Far til barnet Tone Høna sette til verda, var den nygifte storbonden på ein av dei nærmaste gardane. Men han ville heller ha husmannsjenta på den fattigaste plassen i heile soknet.
Kva var det med Tone Marteinsdotter Høna som gjorde henne så tiltrekkjande?
Og kva var årsaka til at så mange snudde ryggen til henne?

Olav Solberg er professor emeritus i nordisk litteratur ved Universitetet i Søraust-Noreg.
Han har gjeve ut ei lang rekke bøker og vitskaplege artiklar og er ein av våre fremste spesialistar på folkedikting og mellomalderlitteratur.

Pris: kr 399.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris
Tones Tragedie Av Olav Solberg Se butikk kr 399.00 Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON