I Å bera nakne nyklar skriv Per Helge Genberg sanseleg oglyrisk om livet på garden. Det er ei livshistorie, slektshistorie og ein liten bit av noregshistoria, som mange vil kjenne seg igjen i. I denne lyriske, sjølvbiografiske forteljinga vever Genberg saman guten sine opplevingar med den vaksne mannen si tolking av stad, hendingar og slektningar. Guten og familien hans er bundne til garden, til landskapet, til slekta, til sauene. Boka handlar om desse banda, på godt og vondt. Livet og garden vert skildra som ei vakker gåve, og ei krevjande plikt. Men boka er òg ei forteljing om den etterlengta kjærleiken mannen får oppleve i vaksen alder. Og om kjærleiken til litteraturen, som går og som ein raud tråd gjennom familien, men som vert forløyst med eg-personen i tekstane. Per Helge Genberg (f. 1959) er frå Lierne og bur i dag på Levanger. Han arbeider som byråkrat og bonde, og har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Han debuterte med boka Finna kyrkjedøra i meg i 2018. Familie: mannen Øystein, mor Oddbjørg og sauene Ømjer, Phèdre, Øyfrid, Terna, Eivør, Shabana, Aylar, Wilhelmina, Ragna, Ingeborg, Jakobine og Hrafnheidur.
Pris: kr 318.00 fra Norli
Butikk | Pris | |
---|---|---|
TILBUD! kr 318.00 |
Besøk butikk |
Den tretten år gamle guten ser ein vaksen mann gå avkledd på ein varm dag. Det vekker ei spenning som er nok til å skjøne at tiltrekkinga går i «feil lei». Kva skal no skje med odelen, den ætteplikta som er planta så djupt i han, og kva med...
kr 318.00
Mer informasjon
Tredje bok i Per Helge Genbergs lysande livsforteljing frå Levanger. Etter to sterke, såre bøker om utanforskapen i eigen barndom og ungdom går Genberg no vidare til jobb-delen av tilværet. Med røynsle frå over 30 år som byråkrat avslører han...
kr 318.00
Mer informasjon
Kven er vi, når vi legg alle korta på bordet for oss sjølve og gjer opp rekneskap? Kan vi finna ro i møte med den vi har blitt, og forteljinga om liva våre?<br/><br/>Trekkje seg attende, snøstrimestilt er den fjerde boka i den kritikarroste...
kr 399.00
Mer informasjon
En kvinne ligger til sengs med feber da en håndfull mennesker fra fortiden trer fram for henne: en ekskjæreste som nå er en berømt programleder, en venninne som forsvant sporløst fra en dag til den neste, en mann som etterlot seg noe uventet, en...
kr 399.00
Mer informasjon