Bilde av Trekkje Seg Attende, Snøstrimestilt Av Per Helge Genberg
 

Trekkje Seg Attende, Snøstrimestilt Av Per Helge Genberg

Kven er vi, når vi legg alle korta på bordet for oss sjølve og gjer opp rekneskap? Kan vi finna ro i møte med den vi har blitt, og forteljinga om liva våre?<br/><br/>Trekkje seg attende, snøstrimestilt er den fjerde boka i den kritikarroste krinsen om sauebonden og dei tre kjærleikane: Gud, sauene og mannen. Her møter vi ein forfattar som går seg sjølv nærare etter i saumane enn tidlegare. Boka er eit reflekterande oppgjer med trongen vår til å halde fast ved det gamle og vonde, i brytning med det gode. Kva vel vi å hugse, og korleis konstruerer vi vår eiga historie? Dette er ei lyrisk samling prosatekstar, fortalt med stor kraft og sakrale overtonar.<br/><br/>Per Helge Genberg (f. 1959) er frå Lierne og bur i dag på Levanger. Han er pensjonist og bonde, har heile yrkeslivet arbeidd som byråkrat, og har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Han debuterte med Finna kyrkjedøra i meg (2018), og har sidan gjeve ut bøkene Å bera nakne nyklar (2019) og Og prosjekta skal bleikne (2020). Familie: mannen Øystein og sauene Øyfrid, Velaug, Henriette, Kirsten, Gunda, Årolilja, Engel, Tordis, Lindborg, Bodhild og Sindrella Pauline.

Pris: kr 399.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris  
Trekkje Seg Attende, Snøstrimestilt Av Per Helge Genberg Se butikk kr 399.00 Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON