Den tretten år gamle guten ser ein vaksen mann gå avkledd på ein varm dag. Det vekker ei spenning som er nok til å skjøne at tiltrekkinga går i «feil lei». Kva skal no skje med odelen, den ætteplikta som er planta så djupt i han, og kva med den nedervde omsorga for dyra? Alt kan slutte med han Finna kyrkjedøra i meg er ei sterk og sår forteljing om å vekse opp på landsbygda i ei tid då det å vera homofil var enda meir skambelagt enn i dag. Det handlar om å vera vennelaus og om sosial skade. Det handlar om å vera seg sjølv der ein bur, og om å finna og få leva med den store kjærleiken. Det er ei forteljing gjennomsyra av bondens kjærleik til gard, jord og dyr, ein kjærleik like sterk alle dagar gjennom året. «Når siste side er vendt, går du straks tilbake til start og leser boka en gang til.» Fredrik Wandrup, Dagbladet (Terningkast 5) Per Helge Genberg (f. 1959) er frå Lierne og bur i dag på Levanger. Han arbeider som byråkrat og bonde, og har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Han debuterte i Signaler 2016. Familie: mannen Øystein, mor Oddbjørg og sauene Ømjer, Phèdre, Øyfrid, Terna, Eivør, Shabana, Aylar, Wilhelmina, Ragna, Ingeborg, Jakobine og Hrafnheidur.
Pris: kr 318.00 fra Norli
Butikk | Pris | |
---|---|---|
TILBUD! kr 318.00 |
Besøk butikk |
I Å bera nakne nyklar skriv Per Helge Genberg sanseleg oglyrisk om livet på garden. Det er ei livshistorie, slektshistorie og ein liten bit av noregshistoria, som mange vil kjenne seg igjen i. I denne lyriske, sjølvbiografiske forteljinga vever Genberg...
kr 318.00
Mer informasjon
Tredje bok i Per Helge Genbergs lysande livsforteljing frå Levanger. Etter to sterke, såre bøker om utanforskapen i eigen barndom og ungdom går Genberg no vidare til jobb-delen av tilværet. Med røynsle frå over 30 år som byråkrat avslører han...
kr 318.00
Mer informasjon
Kven er vi, når vi legg alle korta på bordet for oss sjølve og gjer opp rekneskap? Kan vi finna ro i møte med den vi har blitt, og forteljinga om liva våre?<br/><br/>Trekkje seg attende, snøstrimestilt er den fjerde boka i den kritikarroste...
kr 399.00
Mer informasjon